fredag 6. august 2010

Bokhandlane står i vegen

fredag 6. august 2010
Norsk bokbransje ligg så langt bak i mark­nadsføring at dei ikkje eingong ser støvet av Amazon.

– Men bokbransjen får alle desse millionane for mellom anna å verna om det norske språket. Gjer dei det dei får betalt for når dei ikkje er der du og eg er?

– Det var det då. Eg trur ikkje at det største trugsmålet kjem frå dei som til dømes kjøper store mengder pocketbok­krim, eller tilhengjarane av seriøs norsk litteratur som kjøper dei innbundne bøkene. Trugsmålet kjem nok meir frå dei som skal kjøpa bøker for fyrste gong. Eg, til dømes, tok eit studium der alle bøkene var på engelsk. Eg hadde ikkje gått til Akademika i dag, eg hadde kjøpt alt som e-bøker.

– Kvifor er norske forlag så defensive?

– Samanblandinga med bokhandleriet gjer alt så vanskeleg. Amerikanske forleggjarar eig ikkje bokhandlar, for dei er Amazon og e-bøker berre endå ein salskanal. Men Gyldendal og Aschehoug eig så mange bokhandlar at kvar gong dei uttalar seg om e-bøker, så høyrer du at dei eigenleg talar om bokhandlar dei strengt teke ikkje treng for å få selt bøkene sine.

Kilde: Dag og Tid

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket