søndag 25. oktober 2009

Kindle dag 2 + 3

søndag 25. oktober 2009
Kva er då Kindle god for? Er e-boka i Kindles format designa rundt den fullstendige feilaktige trua på at lesing er ei lineær og mot forfattarens intensjonar trufast øving?

Kan hende er idealet om at tekstlesing i eigentleg (danna) forstand = romanlesing (som har ridd norsk skule i mange år) dominerande: Romanen er vel stort sett svært lite krevjande når det gjeld layout, samanlikna med fleire andre sjangrar (tekniske fagbøker, tekstar som krev både illustrasjonar, tabellar, referansetilvisingar, fotnotar og heftige kryssreferansar). Eg har til dømes papirutgåva av den eine fagboka eg lasta ned i går, og les den med ein peikefinger i referanselista lenger bak i boka. Slike hopp fram og tilbake er utenkjelege, i alle høve slik Kindle har løyst det teknisk, og det gjer det heller lite aktuelt å lese slik faglitteratur anna enn i papirutgåva.

Boka eg har byrja å lese, har vidare tabellar som viser svært dårleg i Kindle - nokre av tabellane er så små at dei er heilt uleselege, og umoglege å forstørre, og dei er svært dårleg formaterte. Og kvifor skal ikkje boka, tabellane, bileta etc. kunne vere dynamiske? Når eg les ein vitskapleg publikasjon, kvifor skal eg ikkje kunne berikast av animasjonar, bilete, intervju, lydspor, etc?

Kom igjen, vi plasserte folk på månen for 40 år sidan, vi må vel kunne greie meir enn det ein kan gjere med ein scanner?

Digital literacy

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket